/\

ANNONSE

ODD NORDSTOGA

Når: 31 Mai, 2016

Sted: På 35 000 fot

Odd Nordstoga fra Vinje i Telemark har ligget ukevis på toppen av salgslistene, vunnet flere Spellemannspriser, og spilt konserter i alle kriker og kroker av dette landet. Nå har han også spilt konsert 35 000 fot over dette landet.

Han har sjarmert det norske folk med sin særegne og naturlige blanding av klassiske folketoneinspirerte viser og populærmusikk og blitt en av Norges mest folkekjære artister. I fjor slapp Odd Nordstoga albumet “Dette Landet” for hvilket han mottok en Spellemann for Årets tekstforfatter. Nå har Nordstoga teamet opp med Admiral P, og 13.mai slapp de sammen låta «Enkle Gleder».

Odd Nordstoga reisetips

Favorittland

Noreg

Sjølvsagt er Tanzania heilt utruleg, og kva er meir kult enn å sitje på ein bar i New York? Men jamen er Noreg også eit utruleg flott land. Ein reiser til syden for å få varme og badetemparatur. Men kva når det er tropevarme og 22 varmegrader langs sørlandskysten? Fins det ein annan stad på jorda ein heller vil vera då? For meg er svaret nei. Og kva med reinsjakt under knallblå augusthimmel og i vindstille Vinjefjell? Det blir vel ikkje stort betre. Men det var dette med veret då. Ein kan jo bli litt versjuk i Noreg. Så er det vel derfor ein blir så lykkeleg når varmen slår til også.

Photo: Shutterstock

Favoritthotell

Nidelven

Nidelven i Trondheim utelukka grunna frokosten. Noregs beste hotellfrokost skryter dei av at dei har. Og det trur eg på også. Når ein reiser såpass som meg blir ein litt var på hotellfrokostar. Kvart hotell som tek seg bryet med å lage skikkeleg eggerøre, som jo er så lettvindt, i staden for den grusomme - men tydelegvis ekstremt lettvinde – pulvereggerøra får med dette ein mental klapp på skuldra av meg. Dette er sjølvsagt ikkje ei problemstilling ein gong på Rica Hotell Nidelven. Der står det ein eigen kokk med tatoveringar og hipsterskjegg og gjer egget for deg nett som du vil ha det. 

Favorittby

Amsterdam

Amsterdam er årets oppdaging. Enormt flott med sine kanalar og 1 mill syklar.

Photo: Shutterstock

Favorittrestaurant

Palace Grill

Palace Grill på Solli plass i Oslo. Her bør alle unne seg ein tur. Det er noko som er veldig stilig med den litt rocka plassen med den vanvittige gourmetmaten. Her har dei jobba, alle dei beste kokkane du ser på TV. Og menyen står med kritt på ei tavle i hjørnet. Så er det berre å slenge seg på. Du får ei matoppleving i verkeleg toppklasse utan at du føler deg underdressed, på feil plass, eller at du manglar  den rette mengde sofistikert pondus for 10 rettar med 10 vinar du etter eit par timar ikkje klarer å skilje frå kvarandre. Reikninga krev like fullt litt pondus. Men det fortjener verkeleg dine suverene vertar for kvelden. 

Odd Nordstoga elsker Trondheim, se hans guide her »

Lukk kart

Kategori

Fra artikkelen

Del tips

Lukk

Leter du etter noe spesielt?

Filtrer søket ditt

Lukk